I krysset mot E39 og Vestlivegen er skiltet som stenger Ådlandsvegen for gjennomkøyring kome på plass, det same like oppom krysset mot Skyttarhaugsvegen i andre enden den smale strekningen. Nyskiltinga vart kommentert i møtet i Utval for byutvikling torsdag, med påfølgjande spørsmål om gjennomkøyringsforbodet ville bli følgt opp med kontrollar.
– Den kontrollerande delen av skilting og den slags er det politiet som tek seg av, me har ikkje bede om noko ekstra tiltak i den leid, seier Anne Randi Naurstad, kommunalt vegmynde i Stord. Ho håpar bilistane respekterer det nye køyremønsteret.
Hjå Stord lensmannskontor blir det opplyst at ein vil har eit kontrollerande blikk mot Ådlandsvegen, på same vis som til andre strekningar.