Dette med livsvisdom…

Truleg er utsegna om at ein skal lytta og høyra etter når gamle hundar gøyr, meint som eit hint om å bita seg merka i det eldre personar seier og meiner. Johan Fjellby har mange finurlege smådikt i boka «Av ord er du komen»  – han seier det slik:

Livsvisdommen
er lågt prioritert
fordi dei fleste oppfattar den
som ein del av alderdomen…

Om emnet  Livsvisdom er det laga gode ordtak;

  • Ofte er det sant det som tidlegare vart sagt (Færøyane)
  • Det er mangt eit godt hovud under ein gamal hatt (Noreg)
  • Alminneleg sunn fornuft, er slett ikkje så alminneleg (Sverike)
  • Bok aleine gjer ingen klok, sa ho som svidde grauten med nasa i kokeboka (Norsk)

————————-

Så heidrar med det gamle Stordamålet :

Framfus = sjå seg lite føre, berre drusa på

Føykja =  blåsa bort, kasta ting frå seg

Furta = sur,  fornærma

Fus = ivrig, huga

Furdast = undrast