Triveleg mimrestund kring «Siste dans?»

På scenen i Museumshallen: Per Øystein Kannelønning, Odd Tollaksvik, Roald Kaldestad og Endre Olsen. Det blir ei  gild stund  kring  den  offentlege dansen med aldersgrense  15 år. (Foto: Steinar Hystad)

Om ikkje så mykje dans i fysisk stand siste åra, lever  gode minne frå den offentlege dansen «på lokalet» i beste velgåande.  Det kom fram i samtalar og forteljingar i fullsett Museumshallen onsdag kveld, der det blei mimra kring,  og stilt eit lite spørjeteikn til, «Siste dans?».

Museet arrangerte,  Roald Kaldestad og Endre Olsen førte samtalen med  Per Øystein Kannelønning og Odd Tollaksvik –  to med kjemperøynsle frå lokalt musikkliv. Gode soger frå det verkelege danselivet vart formidla frå dei på scenen , og dei som trødde dansen på 1960, -70 og delvisa på 1980-talet. Snittalder i salen krinsa dei 70 – og difor vart det god menynning når kvartetten på scenen repeterte  gode klinelåtar frå den gong.

No er det  «tinder» som er den meir og mindre ekteskaplege hjelpar, for 50 år sidan var det på dansen I Samhald, Turnhallen eller Samfunnshuset  ein kunne sikta seg inn på den som skulle bli eins hjartans kjære. – Kor mange her i salen traff kona eller mannen sin på dans, vart det spurt. Imponerande mange hender vart strekte i veret.

Så trivelege timar at det før «teppefall» kom krav om at slike samlingar må det bli fleire av.