Stord Eldreråd avslutta møtet måndag med samrøystes å vedta eit «opprop» mot deler av forslaget til varsla økonomiske nedskjeringar i Stord kommune. Uromeldinga lyd:
«Eldrerådet er sterkt uroa over dei kuttframlegga som administrasjonen har kome med og som gjeld eldreomsorga. Spesielt reduksjon av 5 sjukeheimsplassar på Stord sjukeheim, skjæra bort aktivitørstillinga på Stord sjukeheim, og ta bort Ung i helse prosjektet. Dette vil auka presset på heimebaserte tenester i sterk grad. Det går også ut over rekrutteringsarbeidet ved Stord sjukeheim.»