200 unge skodespelarar inntar Stord kulturhus

Foto: Øystein Nernes/ frå Stord teaterlag si Alice i Eventyrland-framsyning.

Den lengstlevande teaterfestivalen i landet tek over Stord kulturhus i helga. Her er det både lokale teatergrupper med og grupper frå Askøy, Bergen og Haugesund. Sidan 1985 har den blitt arrangert av Stord teaterlag saman med Stord kommune. Festivalen har berre blitt avlyst under koronapandemien.

-Etter tre år med avlyste festivalar var me i Eining for kultur uroa for om ein ville greia å få Teaterfestivalen på beina att. I fjor vart det arrangert ein minifestival frå fredag til laurdag, men i år er det faktisk fleire unge deltakarar som har meldt seg på enn det var i 2019, det er utruleg gledeleg, seier festivalkoordinator Trond Leirvik Onarheim.

Foto: Øystein Nernes/ frå Stord teaterlag si Alice i Eventyrland-framsyning.

Festivalkoordinatoren understrekar at det at ein festival kan ha så lang levetid, viser kva for ein usedvanleg kapasitet og stå-på-vilje det kan finnast i det frivillige lagslivet.

-Dette hadde ikkje me ikkje fått til utan Stord teaterlag. Det er umåteleg kjekt å sjå at dei er i full vigør, og at det er god rekruttering blant dei lokale teatergruppene.

Til helga ser arrangørane fram til å ta imot 200 barn og ungdommar til eit rikhaldig program med 13 ulike teaterstykke. Lokale grupper som Spinae Company stiller med to framsyningar, Englekupp og Gernerasjon skoskei. I tillegg kan ein kan få seg eit gjensyn med Stord teaterlag sin barnemusikal Alice i Eventyrland, som gjekk for fulle hus tidlegare i vinter.

Klikk her for å sjå program og kjøpa billettar!