Med mønevern, takstein, renna med eige nedløp i tilfelle regn og vernande leveger i tilfelle sterk sidevind – må vel denne konstruksjonen seiast å vera eit krondøme på postkasse for (normalt) vestlandsvèr. Her kan det ikkje bli våt post. Fanga av mobillinsa ved ein sideveg på Goddo i Bømlo.