– Truleg lite å spara på skulenedleggingar…

Litlabø skule (Foto: Litlabø skule)

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har følgjande innspel til kommunedelplan for skulestruktur og skuleanlegg:

Nokon av medlemmene har teke del i folkemøte i Nordbydo og Sagvåg/Litlabø. Me kan diverre ikkje ta med inntrykk frå folkemøte i Leirvik, då dette ikkje er avhalde innan Rådet sitt møte den 08.04.24. Det vil me beklaga.

Å endra skulestrukturen er noko av det mest dramatiske ein kommune kan gjera mot innbyggjarane sine. Dette alt etter kor inngripande endringane er. Det kan snu kvardagen opp ned for mange familiar. Alle områda kan bli råka, men dei områda som synes verta mest råka er Leirvik/Langeland og Sagvåg/Litlabø. Særleg for Sagvåg /Litlabø er det størst konsekvensar, då Litlabø i alle forslaga er føreslått lagt ned. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne vil prøva å peika på mogelege konsekvensar dette kan ha for born, familiar og nærmiljø dersom ei slik nedlegging vert vedteken. Det er då naturleg å peika på ein del område som saka omhandlar: Barnet sitt beste Dette er nedfelt i Barnekonvensjonen som igjen er nedfelt i Menneskerettslova og Grunnlova. Desse lovene står over andre lover. I følge denne er kommunen forplikta til at barn skal verta høyrde i saker som gjeld dei. Rådet vil peika på at kva fylgjer det vil få for barn som vert råka av skulenedlegging må presiserast meir enn det er gjort i saka. Dette gjeld og det individuelle og kva som er spesielt i den aktuelle kulturen det gjeld og kva tiltak som må setjast inn. Saka må og sjåast i høve nyleg vedtekne mål for folkehelse 24 – 28 som mellom anna seier at:

• Barn skal verta høyrde
• Tilbod skal vera inkluderande og bidra til trivsel, meistring og utvikling
• Barn som treng det får tidleg, heilskapleg og koordinert hjelp
• Gode butilhøve og at ein kan ferdast trygt
• Inkluderande møteplassar i nærmiljøet.
• Korleis skal dette utformast dersom nærskulen er vekke?

2. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har følgjande innspel til skulekrinsgrenser: Krinsgrenser Sagvåg/Litlabø har større avstand mellom skulane enn andre stader i kommunen. Ved endra krinsgrenser vil mange barn få mykje lengre skuleveg og vil verta skyssa enten av foreldre eller av kommunen. Det er ikkje i høve til folkehelsemåla. Dersom føreslegne krinsgrenser vert vedtekne, vil Sagvåg ha tre ledige plassar og Tjødnalio 14. Barn vil verta splitta og mange kan koma til å mista vener. Rådet er redd for at det ikkje vil verta kapasitet på Sagvåg skule og at ein på ny må skifta krinsgrenser, noko som kan verta svært uheldig. Familiar må kunna vita på kva skule barna skal gå.

Skulemiljø: Alle barn har rett på eit individuelt tilrettelagt læringsmiljø. Det er særleg viktig for barn med særlege behov at skulemiljøet er føreseieleg og trygt. Fellesskulen skal vera ein stad der barn skal læra og trivast uavhengig av føresetnader. Dette inneber at me må vera trygge på at barn med ulike utfordringar er teke omsyn til når ein vurderer skulestrukturen, og det bør kome fram i saka at det er gjort vurderingar av skulen sine mogelegheiter for å leggje til rette for breidda i elevgruppa. Til dømes barn med ulike diagnosar og tilretteleggingsbehov ha trong for å trekkja seg tilbake for å kunne ha ein tilrettelagt læringssituasjon eller å ta ein pause om det vert for mykje bråk. Vil det vera rom for dette når skulane er fulle og alle rom tekne i bruk? Me vil og tru at i ein overgang og evt permanent vil mange av desse barna ha bruk for meir spesialpedagogisk hjelp. Me vil og peika på at det kan vera ei utfordring å setja saman nye store grupper som har ulik bakgrunn. Det skal skapast eit godt og inkluderande læringsmiljø. Me veit at mobbetala i Stord er høge og er urolege for at desse kan verta høgare. Me som var på folkemøta opplevde at dette var noko fleire var opptekne av, og peika på kva utfordringar skifte i skulegrenser kan få for den psykiske helsa til barna. Rådet vil peika på at me i budsjettsamanheng rådde til at det vert tilsett miljøterapeutar i skulen. Dette må ein sjå på, på ny dersom planen vert vedteken.

Skulevegen: Rådet er kjent med at det er særs vanskelege trafikktilhøve ved alle skular, men spesielt Tjødnalio skule, der og ein barnehage nyttar skulevegen. På Sagvågsvegen køyrer det 5600 bilar i døgeret og det er 60 km i timen. Fleire skular manglar hjartesone

Avsluttande kommentar til punkt 1 og 2:

Rådet har gått grundig gjennom saka. Sparing som er føreslege på Litlabø skule er på 2,4 mill. Det er og teke med ei utgift til utbetring av Tjødnalio skule på 9 mill. Mange naudsynte utgifter som vil koma er ikkje teken med i reknestykket. Av det totale grunnskulebudsjettet utgjer sparing ved å leggja ned Litlabø skule 0,8%. Når naudsynte ekstrautgifter ikkje er tekne med, vil sparinga bli mindre, truleg ingen sparing. Då bør ein vel stilla seg spørsmål om denne prosessen bør stoppa.

Rådet er uroa over om det er tid til å sikre en god og føreseieleg overgang for barn som eventuelt må bytte skule. Med vedtak 30. mai 2024 vert det svært kort tid.