Då medlemene i Stord Ungdomsråd (omtalt som UNG) kom til ymseposten på tampen av sist møte, samla rådet seg om følgjande:
«Politisk kontaktperson for UNG kom med forslag om å invitere alle gruppeleiarar, ordførar og varaordførar inn i eit ungdomsrådsmøte slik at dei skal få presentere seg sjølv og kva deira parti jobbar for i vår kommune. Dette skal me prøva å få til i neste ungdomsrådsmøte, og UNG er einige om at ei slik presentasjonsrunde vil vera med på å senka terskelen for å ta kontakt med politikarar i seinare tid.»