Her gjekk skulevegen

Her gjekk skulevegen  før det vart brygt veg til grenda Katla vest på Goddo. (Foto: Steinar Hystad)

Vått i markjo så søla både skvatt og gjorde det ekstra glatt der berget var bratt. Frisk vind direkte frå Nordsjøen ruska i skrotten. 

Inntulla i vindtette gevantar frå isse til ankel, med gore-tex og tørre labbar nederst, vart det ein  spesiell trimtur for 50 nord på Goddo.

Ikkje minst med tanke på at denne utfordrande stien over «haug og hammar» var skulevegen  å GÅ for borna på Katla til og frå skulen på Skinnhueneset. Vel tre kilometer i rett luftline, men i kuppert lende,  som gjorde turen noko lenger.  Halvt-annan til to timar måtte reknast, alt etter ver og føre.  Mest ikkje til å tru, i våre dagar.

Skulevegen gjekk over haug og hammar….(Foto: Steinar Hystad)

I mange år har dei styrande i Bømlo Skulemuseum, gamleskulen på Skinnhueneset, invitert til fellesvandring i området første søndagen i april. Parkering  ved krysset til Skinnhueneset og buss til Katla – for så å gå attende i eit tidvis småkrevjandet lende.  Stien fører til vidt utsyn til havs og til lune stader som Hellen hyttefelt og Kloven og avsluttar med spenstig nedstiging mot skulemuseet. Der varta vertskapet opp med betasuppa, kaffi og saft og så gode kanelbollar at mange  kjøpte seg ei til.

Skulevegen er merka og open for den som vil prøva seg. Legg ein turen mot Goddo og Skinnhueneset ein søndag i juli, er  skulemuseum ope for omvising og servering. Skulestova vart bygt i 1900 og var i bruk til undervisning fram til 1973.

Smakta godt med suppe og heimebakst på skuleplassen. (Foto: Steinar Hystad)