Som skrive her på Stordront.no for litt sidan, er den gamle trekaien ved Børtveit Kraftstasjon i så lite bra tilstand at eigaren, Sunnhordland Kraftlag, ønskjer riva. Grunngjeven søknad er sendt kommunen, men før eining for regulering, byggesak og oppmåling (RBO) seier ja, eller nei, blir det bede om uttale frå fylkeskommunen og den kommunale kultureininga.
I utsendt brev frå RBO står å lesa:
«Andre eksisterande bygningar på eigedomen er SEFRAK-registrerte, og kaien/brygga ligg ved Børtveit Kraftstasjon som er omfatta av Stord kommune sin bygningsvernplan og kulturminneplan. Kommunalt kullturmynde har opplyst at brygga er ein del av det verneverdige kulturmiljøet i området»
Her eit sitat frå Kulturminneplanen for Stord:
Planen om å nytta vasskraft for å produsera elektrisk straum til drifta ved Stordø Kisgruber vart realisert under 1. verdskrigen. Arbeidet med Børtveit kraftstasjon tok til i 1918, og straumen vart skrudd på i 1922. Då vart det i tillegg til kraftstasjonen bygt demning ved Svartavatnet, røyrgate ned til Børtveit og kraftliner frå Børtveit over fjellet til Litlabø».