Etter å ha imponert eit takksamt publikum stort, med meisterleg flygelspel og presist samspel med orkesteret, måtte 17 årige Krtistoffer Steinsvåg inn på scenen på Saghaugane fleire gonger for å motta applausen.
Laurdagskvelden var tenåringen frå Bømlo og eleven ved musikklina på Stord Vidaregåande, solist i Sunnhordland Kammerorkester sin vårkonsert. Orkesteret hadde sine avdelingar, før samspelet der Steinsvåg var solist i Mozart sin Pianokonsert no 12 i A-dur. Det vart ei musikkstund å nyta – samstundes som det vart eit innlegg i pågåande debatt om framtida for musikklina ved Stord vidaregåande. I salen var det full overtyding om at lina må få leva. I orkesteret sat også ungdomar og dirigent Lars-Erik ter Jung, viste i introduksjonen til godt samarbeid med både Stord musikkskule og musikklina. Eit samarbeid som altså gav eit seriøst lyttande publikum ei god oppleving med klassisk musikk.