Vårvèret seg sjølv likt…

Besten tok det roleg om det skulle koma nokre snødettar utover i april, samstundes som tempen kraup nedover til litt under null.  Besten tok imot vårsnøen med kommentaren:  – Han må sleppa da (kulden) frå seg, før me kan rekna med varme nok til å gå i skjorteberre armar.

Slik sett er det litt lurt å ha vinterdekka på litt til. 

I den tankefulle boka «Av ord er du komen» av Johan Fjellby, finn med diktet «Årstidene»: 

Sommaren
er vår
i festrus,
vinteren
er haust
i bakrus

Så nokre fyndord frå Ordspråk-leksikon:
Når litt bli lagt til litt, blir det alltid noko (dansk)
Ein skal skaffa seg brød, før brud(Island)
Når krybba er tom, bitest hestane (Nordisk)
Ein må læra å snu munnen etter matpakken (Norden)
Heime er plassen ein veit kva som er i lapskausen (Sverike)

Så nokre ord som var på veg ut frå stordamålet alt for 50 år sidan:
Kipen = glad og i godt humør
Kjava = tava, prata oppatt og aldri verta ferdig
Kjoa = arbeida smått, men i eitt
Kjåtta = dra i små rykk
Klengjen = ein som hengjer seg mykje på andre