Eit meir enn godt synleg sti-spor over den grøne plenen, viser at det naturlege for mange av oss: – Er å unngå unødvendige svingar og heller gå rett fram.
Eit nytt døme er å sjå på plenen nedfor transformatorstasjonen på Vabakkjen, der gangvegen frå Studalen/Bandadalen kjem i møte med fortauet langs Fv 544. Det er tydeleg at dei som kjem ned gangvegen vel å gå rett fram på graset, i staden for å trø tre steg til venstre og følgja asfalten. Ein ny snarveg, kanskje?