Del av Ådlandsvegen vert stengd for gjennomkøyring

Kartet er henta i produktspesifikasjonen for Statens vegvesen

Frå tysdag 9. april kl. 09.00 vert del av Ådlandsvegen stengd for gjennomkøyring. Det vil framleis vere tillate å køyra til eigedomane.

Forbodet mot gjennomkøyring gjeld strekninga frå kryss E39/Vestlivegen til fv5044 til kryss Skyttarhaugsvegen.

Den aktuelle delen av Ådlandsvegen er i dag belasta med stor gjennomkøyringstrafikk. Vegen er ikkje dimensjonert for dagens trafikkmengde eller fartsnivå. Gjennomkøyringa har skapt farlege situasjonar på den smale og uoversiktlege vegen. Bebuarane i området har opplevd trafikken som belastande og utrygg. Tiltaket er prioritert som nr. 2 i kommunal trafikksikringsplan. Kommunen ber om at forbodsskilta vert respektert.»