– Takk for kloppa –  der det alltid var vått

Alltid blautt og vått  før – no kan du gå «snarstien» tørt i småsko.

Kjem du frå Lønningsdalen på tur- og skogsvegen, går det ein «snarsti» til venstre  der vegen renn vidare  bratt ned mot Landåsvatnet.  Akkurat på dette punktet ein ganske tørr tidleg vårdag,  var det at gode gutadagsminne slo inn: – Det var  jo alltid denne stien me brukte før.  Så kvifor ikkje prøva igjen?

Berre ein par meter innpå stien opna minneboka seg endå meir, og brått stod det klart i håtten at det alltid var eit vått punkt i eit mindre dalsøkk på dette vegvalet.  Minnet var ikkje før henta opp, så var me ved det blaute punktet. Og der hadde det sidan sist (som må vera mange år sidan) skjedd eit velkome under. Over myrsumpen var det bygt klopp i godt trevirke.

Takk for omtanken, helsar turgåaren.