– Det vart suksess for påskequizen i fjor, så då inviterer me til spørsmål og pizza i og kring pagoden onsdagskvelden i år også, lyd meldinga frå Huglabutikken AS. Men før påskeferien har nådd så langt, har det alt vore tre gilde ting å vera med på øya ved Laangenuen.
Laurdag 23. er det ope i den nypussa Salamon Bua føremiddag, og på tidleg ettermiddag er det duka for storbasaren i Huglo Bedehus. Der er det tradisjonen med særs godt frammøte og fleire rundar med årasal, og mat naturlegvis. Søndag 24. blir den internasjonale vaffeldagen markert med i nysteikte godbitar og omvising i Omnhuset rett oppfor ferjekaien på Nordhuglo. Same dag, palmesøndag, går den årlege fellesturen til topps på Høgafjedlet, som sin vel 200 meter over flat sjø på Huglavikjo byr på imponerande utsikt over fagre Sunnhordland.