Fitjar kommune er i siget med rulleringa av arealdelen av kommuneplanen, og har i den samanheng bede om innspel frå innbyggjarane. Denne mogleiken til å forma arealbruken i Fitjar i komande tider, er det mange som har nytta seg av. Postlista er eit framifrå vitne i så måte, ideane er gode og mangslungne. Ein av dei gjeld å sikra areal og underlag for tursti og rundløype i Hellandsmarkjo. Innsendare skriv:
«Ønskjer tursti markert som kultursti. (sjå kart). Den går i dag på gamal utmarksveg på største delen av turen. Resten går over gamal og godt brukt sti. Håpar at ein i framtida kan setja den betre i stand, om stien får plass i kommuneplanen. Den kan forhåpentleg knytast saman med vegsystemet nede i Hellandsfjorden og såleis bli ein flott rundtur – også for tilreisande.»