Stadig nye kapittel i vår lokale maritime soge blir «skriven» langs veggane hjå Stord Maritime Museum på Nattrutekaien. I fjor kom utstillinga kring «handelsbåtane» på plass, og fleire delutstillingar er på trappene, blir det opplyst i årsmeldinga frå 2023. Tal og ord frå fjoråret vart godkjende på årsmøtet i venelaget sist veke, der det går fram at museet hadde 1500 besøkande innom dørene. 1000 av gjestene som kom til Leirvik med cruisbåtane på ettersommaren såg samlinga og takka for høgst interessant oppleving.
Temamøtene i fjor samla godt med tilhøyrarar, det same gjorde foredraget til Sindre Nilsen frå Bømlo, som etter årsmøtet fortalde om den store flåte av små og litt større rutebåtar som var bindelekken mellom tettstader i Sunnhordland før me fekk vegar og bruer å ferdast på.
I årsmeldinga blir det retta stor takk til dugnadsgjengen for særs godt arbeid med vedlikehald, nye installasjonar og generell tilrettelegging for drifta. Etter valet har Venelaget denne styresamansettinga: leiar Gunnar Bjørk, medlemer Magne Gravdal, Stein Stendal, Svein Ove Agdestein og Henry Myhre.
I 2024 kan to jubileum markerast. Det er 30 år sidan Stiftinga Stord Maritime Museum vart etablert (30.juni) og det er 10 år sidan Venelaget vart skipa(2. februar)