Her kjem fjerde avskøyrsla

Steinmassen viser kvar fjerde avkøyrsla frå rundkøyringa kjem. (Foto: Steinar Hystad)

Steinmassen som er lagra i dunge tett innpå  rundkøyringa på Vabakkjen og fylkesveg 544, kan reknast som markering  av utgangspunktet for  ei fjerde avkøyring frå det me kan påstå er ei av dei store trafikkmaskinar i kommunen.  Den nye av- (og påkøyrsla) skal leia trafikken til og frå Stord vidaregåande skule – og til den mykje nytta parkeringsplassen ved inngangen til Landåsen.  Noverande  veg opp til skuletomta skal  stengjast for bil og blir i framtida berre for trøande.  Den store parkeringsplassen for nyeskulen er teikna inn på oppsida av bygningsmassen, mot Studalen.