Mangt å velja i for seniorane også

Godt frammøte til Fritidsmessa for seniorar i Kulturhuset torsdag.

Med godt frammøte til fritidsmessa for seniorar i Kulturhuset torsdag, er det mykje som talar for at Stord har fått på plass ein ny god tradisjon – og ein innhaldsrik møteplass. Dette var andre året  Kultureininga inviterte til messe.

Den eldre garde som føler på å ha for mykje tid til overs, fekk frå informerande  lag og organisasjonar  tips og tilbod om både kulturelle og meir fysiske gjeremål. Dei fleste med eit viktig sosialt tilsnitt.  Og ikkje minst viktig, hadde arrangøren sett av god tid til prat og mat – herleg nybakst frå Bygdekvinelaget.

I biblioteket  måtte stolrekkjer utvidast for å gje sete til dei som blei med på biletleg tilbaketur til Vikjo på 60-talet, basert på  Tor Resser sine foto og  formidla av Steinar Hystad.

Bilete: Godt frammøte  til Fritidsmessa for seniorar i Kulturhuset torsdag