8. og 9. mars hadde konfirmantane samlingar i Nysæter kyrkje, med fokus på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, «Håp i ein dråpe vatn.» Biletet viser konfirmantane i aksjon i «Handelsspelet», eit spel som tydeleg illustrerer den skeive ressursfordelinga i verda. Fleire fekk kjenna på urett og forskjellsbehandling, og uttrykte frustrasjon, misnøye og forvirring. Dette opna for gode refleksjonar om kontrastar mellom rike og fattige land.
Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon er ein landsdekkande innsamlingsaksjon, som konfirmantar over heile landet har som del av konfirmasjonsførebuinga si. Etter TV-aksjonen, er Fasteaksjonen den den nest største dør til dør-aksjonen. Kvar ei krone går til Kirkens Nødhjelp sitt internasjonale nødhjelpsarbeid. Tysdag 19. mars skal konfirmantane gå med bøsser. Det betyr at mange innbyggjarar får besøk av kjekke ungdommar denne ettermiddagen eller kvelden. Mange konfirmantar er spente. Me oppfordrar innbyggjarar i Stord kommune å ta dei vel i mot!