Tirsdag vart dei nye betongkaiane lagt ut i og ankra opp i småbåthamna innom Moloen. Betongen erstattar stålbryggene som var ferdige med oppdraget sitt etter mange år i tenesta. Alt grytidleg onsdag var Vikafle Kråketing på synfaring og gav si samrøystes godkjenning av den sentrale landingsplassen. Ved røysting var 20 for ja, ingen i mot, heiter det i kråketingsprotokollen.