Ei trøyst i samferdslebiletet som framstod etter melding om at Regjeringa kjem til å utsetja realisering av Hordfast til neste nasjonal transportplan, er at DET ALT ER BLITT KORTARE VEG til Bergen. Dette gjeld for dei som køyrer buss eller privatbil, eller trailer eller syklar E39.
Beviset er skrive svart på gult på skiltet like før Nordre Tveita, som informerer om kor langt det er til Bergen, Sandvikvåg og Jektavik.
Hjå Vegvesenet får Stordront stadfest at det fram til ganske nyleg stod at det var 60 kilometer til Bergen – no står det 56 kilometer.
Det er sjølvsagt omlegginga av europavegen frå Os til Lagunen, som har gjort turen 4 kilometer kortare. Og med fartsgrense på 100 km i dei lange tunnelane er reisetida korta ekstra god ned.