Vikjo-mimring på Fritidsmessa for seniorar

Det vil handla mykje om Vikjo på 60-talet og slik byen det har utvikla seg. Slik såg Torget ut på 60-talet…. (Foto: (C) Tor Resser)

Er du godt vaksen og nyfiken på kva for fritidsaktivitetar som finns for deg? Torsdag 14. mars skipar Eining for kultur og arbeidsgruppa for aldersvennleg samfunn til fritidsmesse for seniorar i Stord kulturhus. Messa opnar med eit føredrag v/ Steinar Hystad. Føredraget handlar om Vikjo og Steinar vil fortelja historier og syna bilete frå Tor Resser si samling. Føredraget skal vera i biblioteket. (Start 10.45) 

Me har fått med oss lag og organisasjonar som vil ha stands i vestibylen, dei vil informere om sine mange aktivitetar og tilbod. Bygdekvinnelaget riggar til ein liten kafé, der ein kan få kjøpt seg ein kopp kaffi og noko å bita i. Me ynskjer alle seniorar hjarteleg velkomen til ein kjekk formiddag i kulturhuset. 

Eining for kultur og arbeidsgruppa for aldersvennleg samfunn arrangerte liknande fritidsmesse i fjor med stort hell og me håpar å gjenta suksessen i år og, heiter det i utsendt pressemelding frå tilskiparane.

…og slik ser det ut no (Foto (C) Tor Resser)