Marta Norheim: Gud i samtidslitteraturen

Marta Norheim

Medan 70- og 80-talet var ei tid då Gud og religiøse tema var bortimot fråverande i samtidslitteraturen, kan vi no få inntrykk av at slike spørsmål har fått ein «renessanse», særleg etter tusenårsskiftet. Mange forfattarar skriv no utan blygsle om religiøse eller religionsfilosofiske/eksistensielle tema, ut frå mange perspektiv og ståstader. Og særleg aktuelt er temaet blitt etter fjorårets tildeling av Nobelprisen.

Kveldens foredragshaldar vil ta oss med på ei reise i dette mangfaldige landskapet, som rommar svært mange ulike stemmer. Kanskje kan ho òg seia oss noko om kva dette er uttrykk for?  

Marta Norheim er frå Voss. Ho er nordiskfilolog, og kanskje mest kjend som «kritikarstemma» i NRK. Lengste arbeidstida si har ho hatt i NRK, fyrst og fremst innan litteraturfeltet, der ho har utmerka seg med eit stort oversyn over trendar og tendensar i det skjønnlitterære feltet i Noreg. Ho har fått mange prisar, m.a. kritikarprisar, Språkprisen og Kringkastingsprisen. Frå 2024 er ho fast litteraturkritikar i Morgenbladet. 

Det vert høve til spørsmål og ordskifte.

 Inngongspengar: 150 kroner Billettar kan kjøpast i skranken på biblioteket med kort, Vipps eller kontant.

Torsdag 14. mars 2024 kl. 19.00 på Stord folkebibliotek. 

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.