Oppsitjar informerte for litt sidan kommunen om nabolagsproblem skapt av mopedar som køyrer på gangvegen mellom Trodlahaugen og Hjortåsen. Kunne kommunen gjera noko for å få slutt på denne motoriserte trafikken?
No har driftsleiar i tekniske tenester, Anne Randi Naurstad, svart:
«Gang- og sykkelvegen mellom Trodlahaugen og Hjortåsen er skilta i begge ender med offentleg skilt 522, Gang- og sykkelveg. Skiltet angjev at vegen er bestemt for gåande og syklande. Skiltet angjev dessutan at trafikkreglane sine føresegner om bruk av slik veg gjelder. Trafikkreglane seier at køyring på gang- og sykkelveg er ulovleg. Det er også tre saksebommar langs denne gang- og sykkelvegen. Vegmynde kan diverre ikkje sjå at me kan gjere nokon ytterlegare tiltak, utover nemnde skilting og saksebommar, for å hindra mopedar å køyre på gangvegen. Brot på trafikkreglane er det politiet som handhevar.»