Ein dokktur før sesongstart

På tur til Ølensvåg og vårpuss hjå Westcon. (Foto: Steinar Hystad)

Med eit godt støyt i fløyta, gjekk M/S Sunnhordland frå kai  i Leirvik like før klokka 0900 måndag morgon. Det er blitt tradisjon for veteranen at første turen etter vinterkvilda går til Ølensvåg og eit vårpuss-opphald i dokken hjå Westcon. Når det går mot endå lysare tider, har cruisaren  mange oppdrag  i vente.

– Ein del opne turar og nokså mange charterturar er alt plotta i kalenderen, fortel dagleg leiar i driftsselskapet, Henriette Matre Hagenes, til Stordront.

For den som ønskjer reisa tur/retur Leirvik – Bergen på «gamlemåten» tipsar ho om dagsrunden 25. mai. Meir info er å finna på facebook.