«Statsforvaltaren i Vestland er gjort kjent med at Stord kommune har sagt opp samarbeidsavtalen med Fitjar kommune frå januar 2025. Dette har vore eit godt samarbeid der tilsette i Fitjar kommune har stått for forvaltinga av landbrukssaker i Stord kommune. Vår erfaring er at dette samarbeidet har fungert godt og at forvaltinga vart utført på ein god måte».
Sitatet er henta frå eit brev Stord kommune mottok sist veke, signert landbruksdirektør Christian Rekkedal. I brevet vert det minna om dei lovpålagde oppgåver kommunane har innan landbruksforvalting, med von om at Stord kommune har både kompetanse og kapasitet til dette.
Kostnadsnøkkelen i kommunen sitt inntektssystem tilseier at 1 million kroner er øyremerkt landbruksforvaltinga. Som eit resultat av forvaltinga som vart utført i 2022, vart det utbetalt over 15 millionar kroner til landbruksføretaka i Stord kommune.
«Statsforvaltaren skal sjå til at kommunane gjennomfører lovpålagde oppgåver på mange område. Dette gjeld også landbruk. Kommunane i Vestland løyser dette både som einskildkommune og gjennom kommunalt samarbeid. Me føreset at Stord kommunen finn ei tilfredstillande løysing på landbruksområdet i god tid før samarbeidet med Fitjar vert avslutta», heiter det til slutt skrivet frå landbruksdirektøren.