Ålande vårteikn

Påtreft nordom Skjehaugsvatnet. (Foto: Jakob Vik)  

Denne karen var ute og lufta seg ved skogsvegen eit stykke innanfor Skjephaugsvatnet i lunsjetid søndag. Me skriv 3. mars, og tek den ålande hoggormen som ei sikker stadfesting på at me er i første  vårmånaden.  Med sine 10-12 varmande grader var nok også tempen søndag  medverkande til at  ormen følte  for å strekkja seg i friluft.