Arbeidsløysa i Sunnhordland er betydeleg lågare enn i landet

I februar registrerte NAV 1,3 prosent heilt ledige i Sunnhordland og ein nedgang på 25 heilt ledige personar i høve januar. Totalen av alle arbeidssøkarar, det vil seie dei heilt ledige, delvis ledige og ledige på tiltak, aukar likevel med 139 personar mot månaden før.  

– Den største auken ser me i tal delvis ledige. Auken skuldast permitteringar. Permitteringar er i utgangspunktet ein mellombels situasjon, og me ventar at arbeidsløysa vil stabilisere seg på eit lågare nivå om kort tid. Gitt at den permitterte er venta å returnere til eigen arbeidsgjevar, meiner me framleis at der er gode tilhøve for inkludering, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland, og viser til talet stillingar NAV har registrert i februar. 

For månaden februar registrerer NAV i region Sunnhordland samstundes 468 utlyste stillingar. Dette tilsvarer meir enn 23 ledige stillingar per verkedag i februar, og viser at me har tilgang på 83 fleire ledige stillingar enn heilt ledige i perioden.  

– Me ser framleis eit høgt tal stillingar. Arbeidsmarknaden held seg stram, og me oppmodar arbeidsgjevarane til å sjå på korleis ein kan inkludere fleire i arbeidslivet. Me stiller gjerne til ein samtale med verksemder som ser dei kan ha rom for dette, seier Håvard Lægreid. 

Lægreid er noko uroa for at ikkje avgangen arbeidssøkarar er høgare, no som tilgangen på stillingar er stor.  

– At der ikkje er fleire som vert avregistrert frå NAV i ei tid med so stort tal utlyste stillingar uroar litt. Me meiner ein av drivarane er at det kan eksistere ulikskap mellom kva verksemdene lyser ut etter, og kva den som står ledig har av kompetanse. Me er spente på om Bedriftsundelsøkelsen vil belyse det same, og eventuelt kva anna innsikt den vil bringe, seier Lægreid.  

NAV sin bedriftsundersøkelse 

I desse dagar har fleire utvalde verksemder i Sunnhordland fått varsel om NAV sin bedriftsundersøkelse. Undersøkelsen, som er den største av sitt slag i Noreg, skal kartlegge sysselsettingsutsiktene til verksemdene, samt om dei har hatt utfordringar med å rekruttere ønska kompetanse. 

– Me nyttar resultata i lokalt strategiarbeid, planlegging av bedrifstkontakt- og aktivitetar, og til å målrette tiltak etter behov i arbeidsmarknaden. Difor er det viktig for oss å få tilbakemelding frå so mange verksemder som råd. Me oppmodar dei utvalde verksemdene til å svare innan fristen, seier Lægreid.     

Frist for å svare på undersøkelsen er sett til 11. mars. Resultata vil verte presentert 7. mai.  
 

Høgast arbeidsløyse på Bømlo – lågast på Stord 

Kommunen med høgast arbeidsløyse i februar er Bømlo (2,1 %), medan den er lågast i Stord kommune (0,9 %). Snittet for Sunnhordland er 1,3 prosent, som er lågare enn både Vestland fylke (1,9 %) og landet som heilskap (2,1 %)