På turen frå undergangen i Førlandskrysset til Fjellstova (same om det er oppe eller ned) kan me lesa tre skiltversjonar av same stadnamnet. Rett nedom E39 peikar eit skilt til Lundsseter, i krysset ved Presthaugshavet peikar eit skilt mot Lundseter og når me nærmar oss Fjellstova fortel kvite bokstavar på eit bygg at her er Lundsæter vasspumpestasjon.
Etter å ha konferert med kartavdeling på kontoret for Regulering, byggesak og oppmåling i Rådhuset, er det semja om at Vegvesenet har rett. Stadnamnet skal skrivast – Lundsseter.