Betongkaiar inn for stålet

Stålseksjonane i B-brygga innom moloen skal bytast med betongbrygger. (Foto: Steinar Hystad)

– Brått forlet dei fleste lystbåtane båsane sine i B-brygga i båthamna innom moloen. Kva skjer hamnesjef  Inge Espenes?

– Av tryggleiksgrunnar har det vore planar om å skifta ut seksjonane i stål med  flytekaiar i betong. Nokre år har investeringar blitt flytta på i budsjettet, men i år kom nye bryggene   inn på «fast plass» og bestilling er sendt produsenten i Etne. Me reknar med å ha dei nye  flytekaiane på plass tidleg på vårparten.

I ventetida er småbåtar med fast plass i B-brygga,  trygt lenda til kaiane i  Evjo gjestehamn.