Tid-for-hjem-Einar til Podlen Verkstad

Einar Nilsson kjem til Stord. (Pressefoto)

Einar Nilsson, kjent frå Tid for Hjem og Skal vi danse, kjem til Stord! Han har lyst til å lære deg koleis du kan oppgradere eit gamalt møbel til å bli stilig, flott og nyttig! Han skal vise oss i praksis korleis han sjølv gjer det, mens han snakkar og syng i kjent stil. Dette blir årets nyttigaste og gøyaste show!

Showet finn stad i Bruktbutikken og Snikkerverkstaden i Podlen Verkstad på Heiane komande onsdag, 6. mars, klokka 19:00.

Det er Stord Folkebibliotek som er arrangør og billettar kjøper du her!