Fitjar fremjar snøggbåtønskje  på ny

Dette biletet, teke frå ordførarkontoret i Fitjar Rådhus av dåverande ordførar Harald Rydland, viser kor nært snøggbåten passerer Fitjar sentrum.  

Vestland fylkeskommune ber om innspel frå kommunane i samband med at det skal hentast inn nye båtanbod for perioden 2026-2028, og Fitjar kommune med ordførar Tislevoll i brodden nyttar naturleg nok høve til å få meierikaien inn som fast stoppestad. Slikt ønskje har Fitjar sendt med jamne mellom til dei som styrer  som styrer båttransporten i fylket. Utan å lukkast, så langt. Slik blir det argumentert i nytt brev:

«Sunnhordlandsruta er eit viktig reisetilbod mellom regionen og byen, men ruta er og eit viktig internt samband for ytre Sunnhordland. Kommunane i Sunnhordland meiner ein bør vurdere endringar i dagens tilbod med fleire faste stopp i Bekkjarvik og nytt stopp på Fitjar. Det er med glede me ser at Samo ynskjer ein stopp på Fitjar, og at det vert konsekvensutgreidd som ein del av prosessen. Fitjar som stoppestad ligg lageleg til i forhold til leia som snøggbåtane nyttar. Eit stopp på Fitjar skal ikkje seinka ruta særleg, noko me ser ved at båten frå tid til anna går innom Fitjar når den er i ordinær rute. Då passerer den berre nokre få hundre meter frå kaien i Fitjar sentrum. Den vesle avstikkaren innom kaien på Fitjar tek ikkje mykje ekstra tid. Difor skulle det ikkje få negative verknader for andre stoppestader om Fitjar vert inkludert i ruta. Det er mange ulike grupper som spør etter, og vil kunna nytta seg av eit slikt tilbod. Me kan her nemna: – Elevar på fylkeskommunen sine vidaregåande skular i Rubbestadneset, Fitjar og Austevoll. – Arbeidsfolk og næringsdrivande – Turistar – Ordinære reisande til Flesland og Bergen «