Om svigermor i folklore og populærkultur.

Dette er tittelen på forelesinga Gjertrud Sæter vil halda i Bømlo kulturhus klokka 11 tysdag 27. februar.

Gjertrud Sæter er førstekonservator ved Norsk Folkemuseum. Ho har hovudfag i sosiologi og doktorgrad i kulturhistorie frå Universitetet i Oslo. Ho er den einaste i Norden som har doktorgrad i temaet svigermor. I 2022 gav ho ut boka «Svigermor» på Museumsforlaget. Boka set søkjelys på svigermor-relasjonen i eit historisk perspektiv.

«Det er ingen grunn til å male fanden på veggen – hvis du har et bilde av svigermor hengende.» Det vert også sagt at «en datter er en datter hele sitt liv, en sønn er en sønn til han møter sin viv.» Kva kan vitsar og ordtak som dette fortelja oss om svigermor, kvinner og menn, samlivsformer og familiemønster?

Gjennom døme frå folkedikting, vekebladforteljingar, vitseteikningar, film og TV-seriar får me presentert ulike svigermorbilde for kvinner og menn. Dei stereotype framstillingane vitnar om at det ligg noko gøymt i kulturen som antydar om vanskelege relasjonar. Kva er det som står på spel?

«Svigermor kommer!» er eit engasjerande og underhaldande foredrag om familierelasjonar og ein augeopnar for kulturelle og sosiale mønster me alle er ein del av – og som for nokre viser seg å vera svært utfordrande.