På møtet i Stord Ungdomsråd sist veke, vart det under ymse-posten opplyst at det no er halde ungdomspolitisk dag på alle ungdomsskulene, samt på vidaregåande skule. Det er kome inn mange gode forslag frå ungdommane i kommunen. Det vil bli skrive ein rapport på dette, og den er under arbeid.
Blant forslaga som er kome inn er der ynskje om paintball-bane på Stord og at oppsøkande tenester i kommunen blir meir synlege slik at ungdommar veit kvar dei kan ta kontakt om dei er bekymra for eiga/andre si psykiske helse. SoMe-ansvarleg i UNG vil laga ei oversikt over ulike aktivitetstilbod kommunen har for ungdom, og leggje den ut på sosiale medium.
I forbindelse med å undersøkje/kartleggje transporttilboda i kommunen, ynskjer UNG å invitere Bømlo og Fitjar ungdomsråd til eit fellesmøte for å diskutere på tvers av ungdomsråda kva som må til for at t.d. busstilboda skal bli betre.
Det er vidare ynskje om at kulturhuset skal byrja å visa fleire ungdomsfilmar på kino. Leiar i UNG vil skriva eit brev til Kulturhuset angåande dette, går det fram av møteprotokollen..