Sentralt ved gjestehamna

Bra så lenge  snøen låg – men no ser lite kjekt ut. (Foto: Steinar Hystad)

Når snø og is forsvinn, har det ein tendens til å dukka fram uheldige element i viktige samferdsleårer.  Inst i Evjo, i kanten av Leirvik Gjestehamn er det for tida nokre til dels djupe hol i asfaltdekket som merkar seg ut og gjer det mindre triveleg for gåande og bilande. Nokon særleg til velkomst for båtgjester til hamnebyen er det heller ikkje. Så dersom «rette instans» skal ut med  asfalt (eller oljegrus?) er det flott om Evjo står på oppdragslista.