Dei som i desse dagar passerer Vikastemmo er garantert å bli helsa velkomen av ei uvanleg stor flokk ender. Sidan det var vanskeleg å samla fuglane til nøyaktig teljing, blir det å tippa at om lag 100 ender kjem deg i møte om du reinskar i brødskuffa og spanderer «overskotet» på venene i stemmo.
Ikkje berre ender, forresten, også ein måkeflokk har funne ut at det kan reint matmessig kan svara seg å halda eit auga med våtområdet på Vikahaugane.