Vatnet fossar gjennom stampa – hærverk?

Vel halve holet i renna er dekka til med ei treplate, det gjer at store vassmengder for tida renn inn i den historiske bygningen. (Foto: Steinar Hystad)

Mykje vatn følgjer for tida  Vikabekken til havs. Ein del av vassføringa går rett gjennom museet si stampa, den nedste av dei eldre byningane langs bekken. Den som tek ein kikk i vassrenna til stampa, vil sjå at  det er lagt ei treplate over  deler av opninga som slepp vatnet  i bekken  når stampa ikkje er i bruk. Det er det lenge sidan ho har vore, og eigaren  undrar seg  på om det historiske anlegg har vore utsett for eit hærverk. Vatnet fossar no rett inn i bygget.  Museet er varsla om tilhøva og vil ta affære,  blir det opplyst til Stordront.no.

Stor vassføring gjennom stampa – etter at det er lagt eit sperre over holet i vassrenna på oppsida av bygningen. (Foto: Steinar Hystad)