Alice i Eventyrland sjarmerte små og store

Aktørane i Alice i Eventyrland sjarmerte små og store Kulturhuset søndag ettermiddag – og mottok kjempeapplaus som takk for flott spel. (Foto: Steinar Hystad)

39 frå Stord Teaterlag si barne- og ungdomsgruppe på scenen, eit stort tal foreldre og andre  hjelparar bak scene-teppet, topp musikarar (litt) nedfor scenen,  baud over to helga på fire feiande flotte framsyningar av  Alice i Eventyrland i storsalen i Kulturhuset. Tett på 1400 billettar vart  selde, noko som stadfestar at  teaterlaget med alle sine gode krefter jobba fram ein ny  publikums-fulltreffar.  Dei som ikkje fekk høve til å sjå forestillinga denne gongen, kan kryssa av for  Teaterfestivalen litt seinare på våren.  Då skal skodespelarkunstene visast igjen.