Har det kjekt under Canarisk vintersol

Hans Wendelborg er å treffa som vert på sjømannskyrkja i Arguineguin, Gran Canaria, kvar fredag.  Dette er den mest besøkte av  alle sjømannskyrkja sine stasjonar. (Foto: Steinar Hystad)

Når Hans Wendelborg (snart 82) først hadde fått smaken på vintermånader utan snø, kulde og glatt is, trong han ikkje telja mange minutt på knappane før han bytta huset på Knappane med langtidsleigd husvære på Gran Canaria. Mest halve året har han adresse i Arguineguin ,og det er i den Norske sjømannskyrkja ved  hamneinnløpet til byen  han møter  stordront.no til ein prat om det å vera langtidsovervintrande under den sydlegaste spanske sola.

Hans Wendelborg har vore pensjonist sidan 2006, før det lærar ved Lærarhøgskulen på Rommetveit, i dag Høgskulen på Vestlandet frå 1972. For mange  på Stord også godt kjent  som framifrå trekkspelar, som også lånte si røyst til Stordkoret og har gått dei fleste stader i sitt gamle nærmiljø saman med  Gutta på tur.

Som mange andre stordabuar Wendelborg møter på, spør me forsiktig kva dagane blir brukte til når ein er i Syden fem månader i slengen? Svaret er klart som den glitrande sola over Atlanterhavet:

– Ja, ein må ha noko å gjera på?

– Kva kan det vera?

– For meg har det laga seg til med godt vekeprogram; – Som vert  «På kjerka», som medlem i kyrkjekoret her, som nestkommanderande i den norske logen, styremedlem i den lokale avdeling av (Norske) Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) og litt til.

– Kan me spørja etter den største fordelen med å gjera som flyttfuglane?

– Då seier eg at det følest som ein blir yngre av å bu i den jamne varmen gjennom vinteren.

Det, pluss det og ha det kjekt kvar dag er jo ganske så viktige saker og det har me, seier  ein solbrun Hans Wendelborg i helsinga heim til Stord.  

Under samtalen med Wendelborg – stakk to sagvågarar innom kyrkja: Marit og Kjell Romfog, som plar leggja nokre vinterveker til største kanariøya. (Foto: Steinar Hystad)