Her blir gamle rockekunster friska opp kvar kveld

Rock’n-roll på Star Club (Foto: Steinar Hystad)

At den reint talmessige delen av alderen har passert både 60, 70 og 80, treng så visst ikkje bety at rockefoten skal pensjonerast fullt ut.   Dei beste bevis på at det berre er å halda det gåande, og svingande,  er å studera på dansegolvet på Star Club på «senteret» i Puerto Rico på Gran Canaria. Her slår godt vedlikhaldne dansekunster tileigna på lokalet i heimetraktene i Noreg for 50-60 år sidan, ut full blom, kveld etter kveld.  Så lett på velbrukte føter at det er beint rørande. Så er då også musikken inspirerande,  i ei herleg blanding av friske dansebandlåtar, ispedd country og rock’n roll – og ein og annan «trykkare» som svensken seier. Eit treffpunkt å svinga innom for den som vil svinga seg.

For dei dansglade. (Foto: Steinar Hystad)