Frå no av gjeld  berre –  ENGJAVIK, 5419 Fitjar.

Dette stadnamnet er no over i soga.(Foto: Steinar Hystad)

Litt tidlegare i år refererte  Stordront.no e-post frå ein oppsitjar i Stranda-krinsen til Fitjar kommune, kor det i ganske så greie ordlag vart meddelt at det byrja tæra på tolmodet at bygda til vedkomande ikkje har postalt godkjent adresse. Vedkomande trudde,  at etter at  Engjavik var vedteke i  øvste namnegodkjenningsorgan i Noreg, så skulle det brukast.  Men når det vart brukt, kom ikkje posten fram – berre tilbake.

Dette beklaga kommunen i første runde, medan det vart endeleg i orden i postsakene i neste melding frå kommunen. 

Postalt går stadnamnet Engevik over i soga, til fordel for Engjavik, 5419 Fitjar.