Frisk trappetrim i Puerto Rico også

Varsel for kvart 50. trinn. (Foto: Steinar Hystad)

Skulle du som normalt ihuga trappegåar i Fossabrekko, kjenna på lysta til ei utfordring i motbakke under opphaldet i området Amadores/Puerto Rico på  den største kanariøya  (pop omsungen som GranCa) – så fortvil ikkje.  Legg berre turen mot kaien der båtane som fraktar folk til Mogan og Arguineguin legg til, men ikkje gå heilt ut til landgangen. Ved taxiplassen  kan du venda blikket mot trappa som fører trinntrimarane til topps i feriebyen.  Trappa har rett nok ein del fleire trinn enn vår eigen Sherpatrapp, men totalt i høgdemeter er det noko det same (rundt 200m). Trappa søranfor er bygd  med skifer og «normal» trinnhøgde og djupne på innstega.  709 trinn totalt og det kjennest i leggene om ein satsar på å ta trappene på direkten. Det er mange som prøver.

Ei verbal rose  til norske Terje og Erik som i fjor gjorde opp status for tal steg og hengde motiverande smålappar på kvart 50.trinn – slik at ein anar kvar som ventar – oppover.

Bratt og flott og og 709 steg. (Foto: Steinar Hystad)