Med etablering av Stord Storband i 1972 starta ei lokalmusikalsk reise, og onsdag kveld fekk eit entusiastisk publikum vera med på markering av 50 års dagen i kulturhuset. Undervegs på ferda har mannskap blitt skifta ut, men den gode friske «sounden» er teken vel vare på.
Dei 14 blåsarane og kvartetten i «kompet» som utgjer årets Stord Storband, osa av instrumentrøynsle. Det lyddest, så tett og presist og medrivande. Garantert at mange publikumsføter taktfast jobba seg gjennom den halvannan time lange feststunda. Vondt å sitja heilt i ro når det svingar godlyd frå scenen.
Eit par «svisker» frå første storbandkonserten i -72 var henta frå arkivet og teke inn i eit variert jubileumsrepertoar. Ei fin blanding av låtar frå bandet åleine, og bandet i samspel med dei særs røystesterke vokalistane Rebecca Hammersland, Sandra Linnea Lindwall og Gisle Alsaker.
I førehandsomtalen lova bandet og jazzklubben (arrangør) ei heidundrande konsertoppleving – ein lovnad som heldt, så absolutt.
I storbandet spelar: Tarald Tvedten – trommer, Halvor Folgerø – bass, Øystein Kvinge – tangentar, Åge Østrem trompet, Eli Nina B. Onarheim – trompet, Geir Lund – trompet, Per Lund – trompet, Preston Kingsley – trompet, Pål Roseth – trombone, Jan Magne Olsen – trombone, Tørres Edvardsen – trombone, Robert Sylta – trombone, Jan Kåre Hystad – altsax, Tor Yttredal – altsax, Ole Jacob Hystad – tenorsax, Ole Christian Ottestad – tenorsax, Gunnar Onarheim – barytonsax og Roald Kaldestad – gitar
(Det vert ny konsert same stad torsdag kveld)