På tur til Palmeral Noruego

Desse sprekingane  frå  Bømlo og Stord  på reise med Bømlo Røde Kors og Bømlo frivilligsentral  nytta ein av feriedagane  til  Puerto Rico  på tur til Norskeplassen, Palmeral Noruego. (Foto: Steinar Hystad)

På eit platå 315 meter over Atlanterhavet  sør på Gran Canaria,  veit soga å fortelja at der er det spor etter naturkjære nordmenn.  Det som ein gong for nokre tiår sidan var ein plass ein kasta bos av ymse slag frå seg i løynd, er etter norske initiativ og felles  canarisk/norsk ryddesjau,  blitt eit utfartsmål av dei store på den gilde øya.  Ordføraren i Mogan kommune tende på ideen frå norske turistar og der det ein gong var søppel vart det planta til med palmar og  sett ut rasteplassbenker. Eit turmål halvannan times tid  frå  Arguinegin og like langt frå Puerto Rico.

Når bakkar opp frå  sjøen er forserte, ventar  flatt lende og utsikt som begeistrar.  Gåtrafikken er stor og naturleg nok er det flest norske dialektar å høyra. Å gå tur er norsk kultur, som me alle veit.

Norskeplassen på fjellet over Puerto Rico, eit særs populært turmål. (Foto: Steinar Hystad)
Nordmenn på tur byggjer vardar – også i den canariske fjellheimen. (Foto: Steinar Hystad)