Til komande kommunestyremøte har Edgar Damås (AP) meldt spørsmål til komundirektøren om status for vassverkdammen i Lønningsåsen. Bakgrunnen for spørsmåla er å finna i kommunestyret sitt vedtak i fjor haust, der det heiter:
– Dam Lønningsåsen Emne Eg syner til vedtak i PS 38/2023 : Kommunestyret bed kommunedirektøren i samband med budsjett for 2024 leggja fram eit revidert alternativ 1, der ein anten riv øvre halvdelen av demningen og lar den nedre halvdelen stå att, eller riv og byggjer opp at ein nedskalert demning. Kommunestyret legg til grunn at dette vil redusera kostnadene med prosjektet betydeleg, samtidig som ein legg til rette for at dammen igjen kan brukast som bade- og samlingsplass for nærområdet, og at ein tek i vare soleigroførekomsten i området. Kommunestyret vil komma attende til finansiering i samband med budsjett for 2024. Kommunestyret legg til grunn at kommunedirektøren undersøkjer alle moglegheiter for å få statleg og/eller fylkeskommunal støtte til tiltaket, som viktig kulturminne og nærmiljøanlegg, og at dette er klarlagt i samband med famlegging av budsjett for 2024.
Damås spør :
- Kor langt er ein kommen i prosessen med å finna moglegheiter for ekstern støtte til tiltaket og leggja fram eit revidert alt 1?
- Vil ein klara å halda dei nødvendige tidsfristane som er pålagde av NVE.
- Har ein informert naboar om kor langt prosessane er komne, og kva som er tidsplanen framover for å oppfylla vedtaket som er gjort i PS 38/2023