– Da e’ ett stashus, no håpa eg berre di stelle fint me’ da. Denne heiderlege omtalen, med ein liten ank kring vedlikehaldet, fekk Stordront sin utegåande servert frå «mann i gata» som stod og såg på Hageruphuset her om dagen. Han merka seg at eldste huset på Vikjo trong vask og måling og fornying av vinduskarmar. Etter at kafè-drifta stoppa nett for jul, er det blitt mindre trafikk inn til bygget, som er i kommunen si eige og sorterer under Eining for tekniske tenester. Kva seier dagleg leiar Arne Bjelland, til hjartesukket frå innbyggjaren?
– Utan å kjenna til alle detaljar, kan eg lova at kommunen skal stella fint med den tradisjonsrike bygningen. Innspelet frå han i gata tek me me med oss vidare i drøftingane om kva vedlikehald som skal gjennomførast, seier Bjelland.