Austsidevegen over Stordøy  – ei langdryg soge

I brekka opp mot Skifteshaugen på Mehammar, står kommuneskilta som markerer  grensa mellom Stord og Fitjar. (Foto: Steinar Hystad)

Stordront.no har alt slått fast at Ingmund Bjordal og Magnar Kloser si omfattande bok «Posten i Fitjar» er reine gullet for den som ønskjer djupdykk i lokalsoga for Fitjar og omland. Ikkje berre om postkontor, postbod og postgange, mellom permane er det også mykje god samdferdsle- og levekårs soge. Alt rikt illustrert. Og den som meiner at det i vår travle tid går helst tregt å få tatt dei endelege vedtak om nye vegar, får på side 209 ei påminning om at det som i dag er E39 over Stordøy – har ei langdryg soge. Sitat

«Allereie i 1903 var vegen frå Fitjar til Stord på austsida vedteke av fylkesnemnda, i to anlegg. Det som høyrde til Fitjar kommune, Fitjar – Eide var eitt anlegg, og det som høyrde til Stord, Agdestein – Eide, var eitt anlegg. Fitjar kommune sitt anlegg stod høgt oppe på lista  (6.plass), men lista endra seg  og i 1911 kom meldinga om at strekninga  Sandvik – Eide var flytta over til Agdestein-Eide anlegget  (16.plass). «

Eit trist nyhende for Stranda-krinsen, der mange følte seg «overkøyrde» og reagerte med lesarbrev i avisene. Det vart stegvis  utbygging av austsidevegen, med framrykk frå begge kommunar til ein møttest til gjennomslagssalva ved Skifteshaugen i 1965.

(Red mrk.: Denne saka vart først publisert 30. januar 2024)