Med kjærleik til den musiske kystkulturen

Bømloteateret  med gild kystmusikk kabarett. Fleire her har vore med i teateret sidan starten i 1973. (Foto: Steinar Hystad)

Omkransa av salt sjø på alle tenkelege kantar, var det berre som det skulle vera at  kysten fekk ein sentral plass i emnevalet Bømloteateret sitt virke skulle tuftast på. Hjå Bømloteateret er den verbale og musikalske del av kystkulturen såleis blitt teken  særs godt i vare i alle dei 50 åra som har gått sidan ensemblet starta opp.  Til glede for oss mange som likar gode replikkar, muntre dikt og songar om sildakast, palenapp, sjøreis til fjerne land og fine flickor,  om  ei på Goddo  og skuter som seglar  i med- og motvind.

Litt stille har det rett nok vore nokre år no, men nokon fare for ledige sete i lokalet skulle det ikkje bli når Bømloteateret laurdag  inviterte til  Kystkultur kabarett/konsert. Ei middagsframsyning og ei kveldsframsyning i foajeen på Bømlo Kulturhus, begge utselde til siste stol rundt småbord, med servering attåt. Eit alle tiders konsept.

Leveransen frå ein samkøyrd gjeng på scenen vart motteken med medrivande lytting og kraftige klappsalver frå stolte sambygdingar og gode naboar  frå austsida av Stokksundet.